Vevsidene …

...er kortreiste, og i miljøvennlige farver. Vevmester er Ketil Svendsen, bundet til sidene med disse lenkene:

Min tue: #77 – Ei treningsdagbok

(«Eg veit at det bur ein flink skribent i nr. 73, Jarek, så eg utfordrar han 🙂 «. Adelheid vart oppmoda av Terje Kleppe)

En dag på Torvetua — ei treningsdagbok

av Adelheid Nes

Eg vaknar brått — og ser meg rundt. Er det morgon? Eller er det håp om å få sove litt meir, kanskje mykje meir? Eg gløttar mot vindauget. Heilt mørkt, men på denne tida av året kan det bety kva som helst. Eg kikar over på den andre sida, klokkeradioen viser det kroppen min allereie har ropt høgt om: Klokka er berre rundt fire, og eg kryp lukkeleg under den mjuke og varme dyna att. To timar att å sove! Like før eg sovnar, tenkjer eg eit lite sekund på at eg har planar om å gå til Nesttun neste morgon og så ta banen til jobb. Dette skal bli den første morgonen. Det er ein god plan. Kvar morgon frå no av. Ein frisk start på dagen. Eg skal la tankane fly. Sannsynlegvis dukkar det opp mange gode nye idèar. Alle stressymptom vil forsvinne. Og når eg har gått slik nokre veker, blir det jogging i Myrdalen. Energinivået vil gå til himmels. Velkommen til mitt nye liv!

To timar etter skurrar det i radioen, og NRK Hordaland kan anast i det fjerne. Huset vaknar sakte til live, dusj, panisk roting gjennom skapet (kvifor fann eg ikkje fram kle i går?), raskt ut i mørke og slaps for å hente avisa (der fór jammen Geir forbi på sykkelen…), knekke egg i panna, kaffimaskina virkar ikkje – søren og, må trekkje kaffi i presskanna. Og så endelig nokre rolege minutt ved frukostbordet. Der var det ein litt interessant artikkel, eg brukar nokre minutt på å lese gjennom. Går litt til og frå bordet — nister må smørjast, skulesekkar fyllast, er det gym eller bading i dag? Kva var klokka no igjen? Oppsann. Kva slags sko skal eg ta i dag? Eg skal jo gå til Nesttun! Då må eg ta støvlane — kan ikkje bruke desse klærne då …   Minuttane går. Eg har eit møte klokka ni, litt førebuing att. Skal vi sjå, må nesten vere der halv ni. Dette går ikkje! Eg må køyre. Får gå ein tur i ettermiddag.

På veg ut i bilen ser eg naboen gjere seg klar. Han har gul sykkeljakke og syklar til jobb kvar morgon. Bilen min er litt kald, men det er jo litt enklare dette enn å gå. Borti vegen joggar ein annan nabo. Eg veit at det hender ho joggar til byn på jobb! Eg har også sett ein annan nabo jogge heim frå byn — han står borti krysset og ventar på bussen. Eg tek att mannen min som også syklar kvar morgon. Ja ja. Eg når møtet mitt og skal gå tur i ettermiddag.

Litt sein heim frå jobb. Eg ryddar kjøkkenet etter middagen men let oppvasken stå. Vår tur å køyre til trening og vi er seint ute. Kvar er drikkeflaska? Har eg sett rackerten? Er shortsen vaska? Vi kjem fram eitt minutt for seint og gutane spring glade inn. Eg handlar mat på veg heim, og møter jenta vår i døra i treningstøy. Jammen er ho sporty! Går inn på kjøkkenet og set maten på plass i skuffer og skap. Ser bort på oppvasken og gremmest. No må eg ha ein kopp kaffi og ein pust i bakken. Det er vel dagsrevyen no? Eg set meg i sofaen. Tenkjer litt på turen eg skal gå — det er jo så flott her rundt Torvetua. Ei kjapp runde rundt Birkelandsvatnet, ei litt lenger runde rundt Myrdalen. Lenger oppe mot Totland — flotte turar på Totlandsfjelllet eller til Livarden. Lysløyper når snøen ligg på Totland. Jammen er vi heldige! Kvar skal eg gå tru? Det er jo mørkt alt, så det får bli ei runde rundt Øvsttun. Tek på meg treningsklede, finn fram joggesko. Då ropar ei stemme frå loftet. Det er matteprøve i morgon. Vi set oss ned med bøkene og finn nokre passande oppgåver. Eg tek oppvasken innimellom oppgåvene. Set på ei maskin med klede. Det blir litt seint for denne turen, og ute er det begynt å snø. Det er tid for kveldsmat. Og snart skal eg krype under den varme gode dyna att. Men i morgon blir det tur …

Her finner du de foregående innlegg i føljetongen «Min torvetue»:

1 kommentar tilMin tue: #77 – Ei treningsdagbok

Legg igjen en kommentar

Du kan bruke disse HTML-elementene

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

  

  

  

*