Vevsidene …

...er kortreiste, og i miljøvennlige farver. Vevmester er Ketil Svendsen, bundet til sidene med disse lenkene:

Min tue: #57 – Rufsetufsa

Våren 2000

(«Eg utfordrar #77; kor e alle kvinner hen? (fri Eggum-tolkning)». Terje vart oppmoda av Geir Haveraaen)

Rufsetufsa

Av Terje Kleppe i #57

Vinter 1998

DER. I «utstillingsvindauga» til Hetland Hus i Chr. Michelsensgt. Ein rusletur i byen ein søndag ettermiddag — ein sein vårdag i 1997. Der; ein modell av Torvetua lyste mot oss, og traff oss med full tyngde midt i solar plexus. Svigermor mi klarde aldri å huske namnet Torvetua. I hennar vokabular blei det prompte døypt Rufsetufsa. Var det akkurat dette — det litt rufsete, med alle dei kvaliteter som Geir så flott teikna for oss forrige fredag — som gjorde at fruen og eg vart hovudstups forelska?

Kontrakt på tomt nr. 14 (det som i dag er hus nr 55) blei kjapt underteikna, og handpengar betalt. Eit par veker etterpå fekk eg ein telefon som fortalde at kjøpar av tomt nr. 13 hadde trekt seg. Var me interessert i denne, sidan den låg på eit hjørne? «Riktig nok mot eit tillegg på kr. 10.000,-» 🙂 Slik hamna familien Løkhammer/Kleppe i Neshaugen nr. 57.

Våren 2000

Dermed byrja prosessen med dei tusen valg; fargar, materialar, elektriske punkt, vatn- og avløpspkt., etc  etc …

St. Hans 2001

Og ikkje minst prosessen med å passe på at alle desse små og store avgjerdslene vart følgt opp av utbyggjar. Det var ikkje få gonger eg måtte be dei forandre på ting som var avtalt. Ord som amatørar, intern kommunikasjon, og yrkesstolthet, vart fylt med nytt innhald. Eit par episodar frå denne tida kan framkalla smilet i dag, men det var skikkelig fight når det stod på.

Den fyrste episoden eg tenkjer på, har kanskje mest interesse for dei som bur i same hustype som oss. Eg sat ein kveld i leilegheita vår på Landås og koste meg med teikningane av hustype C; Tyrihans. Godfølelsen. Huset vårt var godt påbegynt. Teikninga viste ei stor stove på 53 m2. Det slo brått ned i meg at dette umogleg kunne stemme. Og etter litt måling og rekning kom eg fram til at stova var bortimot 10 m2 mindre (nesten 20%). Mellom 43 og 44 m2.

Dagen etter ringte eg Mathiassen i Hetland Hus og la fram funnet mitt. Eg høyrde det overberande smilet gjennom telefonen. Det gjekk ikkje meir enn ein ½ time så var han på tråden: «No har du sett kontoret på hovudet. Du har heilt rett.»

Fuglekassebygging, våren 2002

For å gjera ein lang historie kort; Hetland Hus prøvde å teikna inn ei utviding. Men sidan totalen (149 m2) var rett, var det umogleg å gjera noko med det; det ville bli problem i forhold til Husbanken. Enden på visa vart at alle som hadde kjøpt hustype C, fekk høve til å trekkja seg — kostnadsfritt, sjølvsagt. Så vidt eg veit var det ingen som gjorde det.

Haustdugnad, 2002

Den andre episoden handlar om lufting på soverommet vårt. Hovudsoverommet inneheld to vindauga. Ingen av dei skulle kunne opnast. Hetland Hus stod på sitt; slik skulle det vera. Fantastisk — inga skikkelig lufting på eit soverom! Om det var vitet som til slutt sigra, eller om det var fordi eg slengte nokre forskrifter i bordet som eg hadde fått av ein kjenning i byggebransjen, skal vera usagt. Men vindauga som kan opnast, vart det — til slutt 🙂

Elles kan eg på det varmaste anbefala innvendig-eigeninnsats-med-kort-deadline som ein uhyre effektiv slankemetode. I dei tre månadene eigeninnsatsen varte, tok eg av 11 kg. Og eg var vel ikkje akkurat så svær i utgangspunktet.

Kulpen, våren 1997

Trass dei tallause kampane me har kjempa mot utbyggar desse åra, er Rufsetufsa ein fantastisk plass å leva livet. Bileta viser nettopp det. Biletet av kulpen er frå før utbygginga byrja (mai/juni 97). Hugsar det som det var i går; eg vart eit lykkeligare menneske etter å ha oppdaga denne idylliske skatten.

Ha ei fortreffeleg helg.
Terje

.

.

.

.

Her finner du de foregående innlegg i føljetongen «Min torvetue»:
[cat totalposts=»-1″ category=»94″ thumbnail=»false» excerpt=»false» ]

 

RUFSETUFSA

DER. I ”utstillingsvindauga” til Hetland Hus i Chr.Michelsensgt. Ein rusletur i byen ein søndag ettermiddag – ein sein vårdag i 1997. Der; ein modell av Torvetua lyste mot oss, og traff oss med full tyngde midt i solar plexus. Svigermor mi klarde aldri å huske namnet Torvetua. I hennar vokabular blei det prompte døypt Rufsetufsa. Var det akkurat dette – det litt rufsete, med alle dei kvaliteter som Geir så flott teikna for oss forrige fredag – som gjorde at fruen og eg vart hovudstups forelska? Kontrakt på tomt nr. 14 (det som i dag er hus nr 55) blei kjapt underteikna, og handpengar betalt. Eit par veker etterpå fekk eg ein telefon som fortalde at kjøpar av tomt nr. 13 hadde trekt seg. Var me interessert i denne, sidan den låg på eit hjørne? ”Riktig nok mot eit tillegg på kr. 10.000,-” J Slik hamna familien Løkhammer/Kleppe i Neshaugen nr.57.

Dermed byrja prosessen med dei tusen valg; fargar, materialar, elektriske punkt, vatn- og avløpspkt., etc. etc…. Og ikkje minst prosessen med å passe på at alle desse små og store avgjerdslene vart følgt opp av utbyggjar. Det var ikkje få gonger eg måtte be dei forandre på ting som var avtalt. Ord som amatørar, intern kommunikasjon, og yrkesstolthet, vart fylt med nytt innhald. Eit par episodar frå denne tida kan framkalla smilet i dag, men det var skikkelig fight når det stod på. Den fyrste episoden eg tenkjer på, har kanskje mest interesse for dei som bur i same hustype som oss. Eg sat ein kveld i leilegheita vår på Landås og koste meg med teikningane av hustype C; Tyrihans. Godfølelsen. Huset vårt var godt påbegynt. Teikninga viste ei stor stove på 53m2. Det slo brått ned i meg at dette umogleg kunne stemme. Og etter litt måling og rekning kom eg fram til at stova var bortimot 10m2 mindre (nesten 20%). Mellom 43 og 44m2. Dagen etter ringte eg Mathiassen i Hetland Hus og la fram funnet mitt. Eg høyrde det overberande smilet gjennom telefonen. Det gjekk ikkje meir enn ein ½ time så var han på tråden: ”No har du sett kontoret på hovudet. Du har heilt rett.” For å gjera ein lang historie kort; Hetland Hus prøvde å teikna inn ei utviding. Men sidan totalen (149m2) var rett, var det umogleg å gjera noko med det; det ville bli problem i forhold til Husbanken. Enden på visa vart at alle som hadde kjøpt hustype C, fekk høve til å trekkja seg – kostnadsfritt, sjølvsagt. Så vidt eg veit var det ingen som gjorde det. Den andre episoden handlar om lufting på soverommet vårt. Hovudsoverommet inneheld to vindauga. Ingen av dei skulle kunne opnast. Hetland Hus stod på sitt; slik skulle det vera. Fantastisk – inga skikkelig lufting på eit soverom! Om det var vitet som til slutt sigra, eller om det var fordi eg slengte nokre forskrifter i bordet som eg hadde fått av ein kjenning i byggebransjen, skal vera usagt. Men vindauga som kan opnast, vart det – til slutt J Elles kan eg på det varmaste anbefala innvendig-eigeninnsats-med-kort-deadline som ein uhyre effektiv slankemetode. I dei tre månadene eigeninnsatsen varte, tok eg av 11kg. Og eg var vel ikkje akkurat så svær i utgangspunktet.

Tekstboks: Kulpen våren 1997Trass dei tallause kampane me har kjempa mot utbyggar desse åra, er Rufsetufsa ein fantastisk plass å leva livet. Bileta viser nettopp det. Biletet av kulpen er frå før utbygginga byrja (mai/juni 97). Hugsar det som det var i går; eg vart eit lykkeligare menneske etter å ha oppdaga denne idylliske skatten.

Ha ei fortreffeleg helg.

Terje – nr.57, som utfordrar nr.77; kor e alle kvinner hen? (fri Eggum-tolkning)

Her finner du de foregående innlegg i føljetongen «Min torvetue»:

3 comments to Min tue: #57 – Rufsetufsa

Leave a Reply

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

  

  

  

*